Fjorden, den gamle hovudferdselsvegen, er framleis open.
Vi vil invitere deg utpå. Kaia i Solvorn er basen vår, herifrå køyrer vi open båt i dei indre fjordarmane av Sognefjorden frå mai og heile sommaren. Velkomen om bord! |
Indre Ofredal
Fjordcruise Luster- og Årdalsfjorden, Indre Ofredal |
Lustrafjorden
Lustrafjorden, ei kulturreise langs fjorden |
Din eigen tur
Din eigen tur |
Vettisfossen
Fjordcruise og fottur til Vetti Gard og Vettisfossen |
TUR 1
Fjordcruise Luster- og Årdalsfjorden, Indre Ofredal
NÅR
Du bestemmer, gi beskjed Oppmøte ved Nesten Heime Kafe & Kajakk i Solvorn Ei kulturhistorisk reise langs fjorden Frå Solvorn fortel vi oss ut Lustrafjorden, via Tønnefabrikken, Skophamar, Kvarven og inn Årdalsfjorden til Indre Ofredal. Det blir omvising på denne historiske plassen som no byggjast oppatt. Indre Ofredal er eig av en stiftelse og mykje er basert på dugnad. Etter ei historisk vandring suser vi tilbake via Kvalen og Kinsedalen. TID 3 timar/ Minimum 4 gjester PRIS 1698,- TA KONTAKT steinar@lusternatureguides.no eller telefon 40 00 00 20 |
TUR 2
Lustrafjorden, ei kulturreise langs fjorden.
NÅR
Du bestemmer, gi beskjed Oppmøte ved Nesten Heime Kafe & Kajakk i Solvorn. KOR SKAL VI Frå Solvorn fortel vi oss ut fjorden via Tønnefabrikken og Skophamar. Vi krysser fjorden til Kinsedalen før me tek oss inn fjorden til Ornes, Loi, Munthehuset, Kroken og Feigumfossen. Dette er ein tur utvikla i samarbeid med Fortidsminneforeningen. Det guiding og kulturformidling frå istida til vår tid. TID 1,5-2 timar PRIS 1298,- TA KONTAKT steinar@lusternatureguides.no eller telefon 40 00 00 20 |
TUR 3
Din eigen tur
Kor vil du? Årdal, Vettisfossen, Fjærlandsfjorden, Nærøyfjorden, Gudvangen, Aurland, Vik, Lærdal, Balestrand, Flåm – eller ein annan plass i Indre Sogn? We Fix. Pris avheng av destinasjon og storleik på gruppe. TA KONTAKT steinar@lusternatureguides.no eller telefon 40 00 00 20 |
TUR 4
Fjordcruise og fjelltur til Vettisfossen.
Denne naturlege fossen har det høgste frie fallet i Nord-Europa, 275 meter. Synet av dette kan eigentleg ikkje forklarast med verken ord eller bilete. Bli med på heilsdagtur med fjordcruise og fjelltur i fabelaktig natur. Vi køyrer båt til Årdalstangen, tar taxi til Hjelle og går fram til botn av Vettisfossen. Snaut to timar i båt og kanhende 4 timar på beina. Tid Rundt 6-7 timar Pris Gjennomføres på forespørsel, min. 4 gjester 3998,- Inkluderer: Fjordcruise, ei formidabel naturoppleving, – og fjordcruise heimatt. TA KONTAKT steinar@lusternatureguides.no eller telefon 40 00 00 20 |
|
LUSTER I INDRE SOGN
er fjell og fjord og bre og bra. Det er svimlande tindar, mykje skog og djup, grøn fjord. Denne kommunen er ein av Sør-Norges største og strekk seg inn i både Jotunheimen, Breheimen og mot Jostedalsbreen. Lustrafjorden er den inste fjordarmen i Sognefjorden, som er ei av verdas lengste fjorder, og den lengste i Europa. Luster er eit norrønt ord som tyder ’den varme milde fjorden’ Og alt ser verkeleg annleis ut frå fjorden. Livet, landskapet. Og veit du det? At båtar som kan gå fort også kan gå sakte? At det å ligge og skvulpe midtfjords ein sommardag er godt for sjølve sjela? Den gamle hovudferdselsvegen er framleis open, og vi vil invitere deg utpå. |
Kajakk, SUP- og fjellturar
Vi har fullt utrusta kajakkar og SUP brett for utleige og guida turer,
TA KONTAKT steinar@lusternatureguides.no eller telefon 40 00 00 20 |
LUSTER NATURE GUIDES
vart starta av Steinar Rorgemoen. Han har vore guide og dagleg leiar i Basecamp Spitsbergen og Spitsbergen Guide Service på Svalbard i mange år – og har jobba med turisme på Svalbard sidan 2010. Han er utdanna Arctic Nature Guide ved UiT på Svalbard.
Steinar er no guide og eplebonde med 458 epletre og base på den veglause garden Ytre Eikjo i Lustrafjorden. Her har det budd folk sidan eldre jernalder, og dei har dyrka frukt her sidan vikingtida. Det er sagt at denne solfylte stranda har den beste fruktdyrkarjorda, kanskje ikkje berre i Sogn, men på heile Vestlandet. I 1916 vart eigedomen delt opp i fleire eplehagar bortetter stranda. Det har ikkje budd folk på Ytre Eikjo på lang tid. No bur Steinar og kjærasten her i sommarsesongen – og bygningane vert rusta opp slik at busetnad heile året skal bli mogleg. |