LUSTER NATURE GUIDES
  • Hjem
  • English

Connect to nature
Enjoy life

LUSTER NATURE GUIDES
​
SLOW FJORD TOURISM
ENGLISH
Fjorden, den gamle hovudferdselsvegen, er framleis open.
Vi vil invitere deg utpå.  

Kaia i Solvorn er basen vår, herifrå køyrer vi open båt i dei indre fjordarmane av Sognefjorden frå mai og heile sommaren. 

Velkomen om bord!
Indre Ofredal
Fjordcruise Luster- og Årdalsfjorden, Indre Ofredal
Lustrafjorden
​Lustrafjorden, ei kulturreise langs fjorden
Din eigen tur 
​Skreddersøm for små grupper

Kajakk 
​Guida turer i Lustrafjorden
Picture

Fjordcruise Indre Ofredal

Fjordcruise Luster- og Årdalsfjorden, Indre Ofredal

Picture
NÅR
Du bestemmer, gi beskjed

Ei kulturhistorisk reise langs fjorden
Frå Solvorn fortel vi oss ut Lustrafjorden, via Tønnefabrikken, Skophamar, Kvarven og inn Årdalsfjorden til Indre Ofredal. Det blir omvising på denne historiske plassen som no byggjast oppatt. Indre Ofredal er eig av en stiftelse og mykje er basert på dugnad. Etter ei historisk vandring suser vi tilbake via Kvalen og Kinsedalen.

TID
3  timar/ På forespørsel

TA KONTAKT
steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20

Picture

Fjordcruise Lustrafjorden

Lustrafjorden, ei kulturreise langs fjorden.

Picture
NÅR
Du bestemmer, gi beskjed

KOR SKAL VI
Frå Solvorn fortel vi oss ut fjorden via Tønnefabrikken og Skophamar. Vi krysser fjorden til Kinsedalen før me tek oss inn fjorden til Ornes, Loi, Munthehuset, Kroken og Feigumfossen. 

Dette er ein tur utvikla i samarbeid med Fortidsminneforeningen. Det guiding og kulturformidling frå istida til vår tid. 

TID
1,5-2 timar/På forespørsel

TA KONTAKT
steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20

Picture

Skreddersøm

Din eigen tur


​Kor  vil  du eller skal vi hente deg? 
Årdal, Vettisfossen, Fjærlandsfjorden, Nærøyfjorden, Gudvangen, Aurland, Vik, Lærdal, Balestrand, Flåm
– eller ein annan plass i Indre Sogn?
We Fix. 
 
Pris avheng av destinasjon og storleik på gruppe.

TA KONTAKT
steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20

Picture

Kajakk

Guida turer i Lustrafjorden

Vi er sertifisert av Norges Padleforbund og guider kajakkturer for små grupper i Lustrafjorden

Tid
Du bestemmer

Pris
​Gjennomføres på forespørsel


TA KONTAKT
steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20
Picture


Til alle turar

UTSTYR
Vi stiller med nødvendig sikkerhetsutstyr, husk solbriller! 
​Kle deg elles etter véret.
For alle båtturar må ungar under 14 år vere i lag med vaksne.
Vær vennleg å sjekke at din personlege reiseforsikring er gyldig.

PÅMELDING
Etter avtale, ta kontakt.

Transportoppdrag

Vi køyrer gods og folk og fe til stader korsomhelst langs fjorden. 
​
TA KONTAKT
steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20
LUSTER I INDRE SOGN
er fjell og fjord og bre og bra. 
​
Det er svimlande tindar, mykje skog og djup, grøn fjord. Denne kommunen er ein av Sør-Norges største og strekk seg inn i både Jotunheimen, Breheimen og mot Jostedalsbreen. Lustrafjorden er den inste fjordarmen i Sognefjorden, som er ei av verdas lengste fjorder,
​og den lengste i Europa.

Luster er eit norrønt ord som tyder ’den varme milde fjorden’
Og alt ser verkeleg annleis ut frå fjorden. Livet, landskapet.

Og veit du det? At båtar som kan gå fort også kan gå sakte?
At det å ligge og skvulpe midtfjords ein sommardag er godt for sjølve sjela?

Den gamle hovudferdselsvegen er framleis open, og vi vil invitere deg utpå.


Kajakk og fjellturar

Vi har fullt utrusta kajakkar for guida turer,

​TA KONTAKT

steinar@lusternatureguides.no eller
telefon 40 00 00 20
Picture
Picture


LUSTER NATURE GUIDES

 vart starta av Steinar Rorgemoen. Han har vore guide og dagleg leiar i Basecamp Spitsbergen og Spitsbergen Guide Service på Svalbard i mange år – og har jobba med turisme på Svalbard sidan 2010. Han er utdanna Arctic Nature Guide ved UiT på  Svalbard. 
 
Steinar er no guide og eplebonde med 458 epletre og base på den veglause garden Ytre Eikjo i Lustrafjorden. Her har det budd folk sidan eldre jernalder, og dei har dyrka frukt her sidan vikingtida. Det er sagt at denne solfylte stranda har den beste fruktdyrkarjorda, kanskje ikkje berre i Sogn, men på heile Vestlandet.

I 1916 vart eigedomen delt opp i fleire eplehagar bortetter stranda. Det har ikkje budd folk på Ytre Eikjo på lang tid. No bur Steinar og kjærasten her i sommarsesongen – og  bygningane vert rusta opp slik at busetnad heile året skal bli mogleg.

Her finn du oss

Picture

Ta kontakt
Please contact

steinar@lusternatureguides.no
Telefon / phone 40 00 00 20

Site powered by V design
  • Hjem
  • English